Personvernerklæring

Det er Lekendelett – Kjetil Fyllingen
(Org nr. 920856594)
som står bak OpplevStord.no. 

Du kan ta kontakt på post@lekendelett.net.

———-
Me er opptekne av at du skal ha tillit til OpplevStord og korleis me handsamar dine personopplysningar.

I denne personvernerklæringa forklarer me difor kvifor me samlar inn informasjon om deg, korleis me brukar denne informasjonen og korleis me tar hensyn til ditt personvern.

Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knyttast til ein identifiserbar enkeltperson. Dette kan for eksempel vera namn og kontaktinformasjon, kjøpshistorikk eller informasjon om interesser.

Bruk av personopplysningar må følgje personopplysningslova.
Me, som handsamingsansvarleg, vil sørgja for at me brukar personopplysningar om deg i samsvar med gjeldande lovverk.

KVA PERSONOPPLYSNINGAR HAR ME OM DEG

Avhengig av kva informasjon du gjev oss, korleis du brukar våre tenester, og kva løyve du gjev oss, har me desse opplysningane om deg:

• Opplysningar om deg: Informasjon du gir når du tar kontakt som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse.
• Kommunikasjon: Informasjon du gir oss når du har kontakt med oss, som e-postar sendt mellom oss.
• Opplysningar om bruk på nettsida: Informasjon me får når du brukar vår nettside, som kva slags eining du har (f.eks. mobil eller PC), IP-adresse, kva sider du vitjar og kva funksjoner du brukar der.

KVA BRUKER ME PERSONOPPLYSNINGANE TIL

Me brukar personopplysningane dine til følgjande formål:

1. Tilby nettside:
Me brukar opplysningar for å tilpasse nettsida til det tekniske utstyret du brukar. Vi kan også bruke opplysningane til å tilpasse innhaldet på vår nettside til kva me trur du er interessert i.

2. Kundeservice:
Me lagrar opplysningar som du gir og mottek dersom du har kontakt med oss for å yte service.

3. Statistikk:
Me utarbeidar statistikk og kartlegg markedstrendar for å forbetre og vidareutvikle våre produkt og tenester. Så langt det er mogleg gjer me dette med anonyme opplysningar, utan at me veit at informasjonen er knytt spesifikt til deg.

4. Marknadsføring:
Me brukar din kontaktinformasjon (f.eks. telefonnummer og epostadresse) til å sende deg tilrådingar og informasjon. Me kan bruke personopplysningar for å gjere tilrådingane og informasjonen mest mogleg relevant for deg, med mindre du har motsett deg dette.

Vår interesse er å kunne tilby, vidareutvikle og marknadsføre våre tenester.

KVEN DELER VI PERSONOPPLYSNINGER MED

Me kan utlevere opplysningar i enkelttilfelle, eksempelvis til offentlege myndigheter, ved mistanke om lovbrot.

Me kan og dele anonymiserte opplysningar med samarbeidspartnarar for til dømes markedsanalysar og tenesteutvikling.

KOR LENGE LAGRAR ME PERSONOPPLYSNINGAR

Me lagrar opplysningar om deg, kun så lenge det er naudsynt for å oppnå formålet dei vart innhenta for, eller dersom me er pålagt å lagre opplysningane. Opplysningane vil bli sletta eller anonymisert når dei ikkje lenger er naudsynte for å oppnå formålet.
Dine rettar

DU KAN HA RETT TIL Å BE OSS Å:

• Gje deg ytterlegare informasjon om korleis me handsamar dine personopplysningar.
• Gje deg ein kopi av personopplysningar om deg.
• Oppdatere dine personopplysningar.
• Slette opplysningar som me ikkje lenger har grunnlag til å oppbevare.
• Avgrense eller stoppe handsaminga av dine opplysningar
• Trekke tilbake eventuelle samtykke du har gitt oss.

Dersom du meiner at me handsamar personopplysningar i strid med personopplysningslova, har du rett til å klage til Datatilsynet.

Før du eventuelt gjer dette, vil me gjerne at du kontaktar oss slik at me kan svare på dine spørsmål eller oppklare eventuelle misforståingar.

COOKIES

Me brukar cookies (som Google Analytics / Facebook Piksel) på våre nettsider for å sikre funksjonalitet på nettsida, analysere nettrafikk og sjå kva område på vår nettstad du har vitja.

ENDRINGAR I PERSONVERNERKLÆRINGA

Vi vil kunne oppdatere personvernerklæringa fra tid til annan. Du vil alltid finne siste versjon av vår personvernerklæring på nettsida.

KONTAKTINFORMASJON

Dersom du ønskjer å komme i kontakt med oss,
kan du nytte følgjande kontaktinformasjon:

Kontaktperson: Kjetil Fyllingen
Telefonnummer: 97676363
E-postadresse: post@lekendelett.net
Adresse: Fitjarvegen 256, 5410 Sagvåg

nb_NO